Abenteuer in München, hoffentlich
Eg reiser til München om 3 timar. Ventar på Gardermoen med Lonely planet, kaffi og ordbok som selskap, ganske fint eigentleg. Eg likar så godt stemninga på flyplassar, med mange menneske som er klare til å reise ut verda. ganske så fint. Litt sånn: 
Eg skal vere i München i tre veker på EF språkreise. Skal bo med ei dame på 68 år som bor sentralt i München. Eg gler meg! Veit verkeleg ikkje kva eg kan forvente meg så eg prøver å ikkje forvente eller sjå for meg så alt for mykje for å ikkje ha for høge forventningar og dermed risikere å bli skuffa. Men eg prøver å vere forberedt på det meste. Men eg trur og håper det blir fint! Uansett kva som skjer blir det eit eventyr, om det er eit bra eller dårleg eit veit eg ikkje. men vi kryssar fingrane for førstnemde. 