årsmøte
Dette innlegget skulle eg eigentleg ha skrive ferdig og lagt ut for lenge sida. nærare to veker. lenge leve latskapen og dårlig tid!
Helga 20.-21 Mars var det årsmøte i Møre og Romsdal Arbeidarparti. Vi var heile 21 AUF'arar der. Noko som er veldig mykje historisk sett. Trur det aldri har vore så mange AUF'arar på eir årsmøte i Møre og romsdal AP.

Eg reiste ned til Molde på torsdagen etter skulen. Då var det fylkesstyremøte(fylkeslaget sitt høgaste organ. Der eg sit som miljøleiar). Etter møte overnatta på ei hytte heile gjengen + eit kontrollkomitemedlem. Vi berre kosa, spelte alias og satt på Gaysir(hehehe).

"han er på gaysir da!" hahah
På fredag var det delegatmøte og då kom resten av AUF'arane som skulle vere med på årsmøte. Der la vi taktikk framfor årsmøte og gjekk i gjennom sakane. Vi satt i eit møte som varte i ca. tre timar. Etter på for vi bort til hyttene og k0za heile den enda større gjengen. Så skreiv vi på talane vi skulle halde på årsmøte.
På laurdag byrja årsmøte. Eg var veldig nervøs fordi eg skulle halde ein tre-minutters tale på årsmøte om Olje i nord. På årsmøte var det ca. 150 persona. Annikken Huitfeldt var der også og haldt innleiing. Eg var heilt skjelven då dei ropte opp namnet mitt og eg skulle halde tale. Pulsen min var veldig høg og eg stoppa opp litt av og til og las ting oppatt igjen. kanskje ein gong. men det gjekk eigentlig veldig bra. Var veldig letta då eg var ferdig. Halde tale framfor 150 persona for første gong er ikkje akkurat berre berre.

Då vi skulle gå i gjennom sakene vart det slik: Vi tapte på verning( eller vi tapte på dei konkrete plassane vi ville verne. og enda opp med eit forslag som sa:" vi er for verning. men vi vil ikkje verne". altså det stod ikkje det men det føltes litt slik), vi vann på å få fleire delegat til årsmøte frå 7 til 9. jippi!, vi tapte saken om mobilegasskraftverk, fekk igjennom saken om asylsøkarar, fullfinansiering av fagskulane og mykje anna eg ikkje hugsar.
men alt i alt var vi veldig fornøgde med å fått igjennom forslaga våra. Verning og gasskraftverka var litt vanskeleg å svelge da men..
ja, forresten så var det stor diskusjon rundt om vi skulle bruke det nynorske ordet "høvesvis" eller ikkje. haha, merkeleg gjeng.
Seinare k0za vi og festa med AP folka(mest for oss sjølv eigentlig). hyggelig det.
Marita
01.apr.2010 kl.22:02
Åsne
05.apr.2010 kl.11:03
Guro
07.apr.2010 kl.18:52
Åsne
07.apr.2010 kl.19:05
Åsne
07.apr.2010 kl.19:13
du kan ikke åpne spotifylister i wimp, desverre
Åsne
07.apr.2010 kl.20:33
http://wimp.no/playlist/da73d6b6-da1d-4e15-9488-a2eb98868b6c
og
http://wimp.no/playlist/1b6f8233-0d78-490c-94ef-b5885f6d3cdf
:D