Ferie, OL, ski og kos
Du veit du er avhengig av OL når du byrje dagen med å sjekke OL-programmet, for å planlegge kva du skal gjer den dagen. Tilpassa tidspunktet på øvingane du skal sjå.
- ehehe, der har du meg.
Denne ferien er berre super. Chill, chill og atter chill. Akkurat slik eg likar det. Eg lurer meg sjølv til å tru at det er sommarferie, slik eg gløymer at det er skule på måndag.(hjelp!), men snøen hjelper ikkje akkurat på saken.
I dag har eg vore på skitur til Dalamarka ilag med mor mi i sol og fine vær. Sett vekk i frå at mor mi eigde meg på ski så var det ein fin tur. Nå skal eg ta meg eit bad og lese ei bok. Herlig.
I kveld er det på igjen med OL. Fin ferie!

Dette minner meg litt om Dalamarka. Ein veg og masse masse tred.
(flickr.com)
jegvilut
25.feb.2010 kl.16:03
Vutarie
26.feb.2010 kl.17:59