Ein fin dag

 





Jenta med det ville blondehåret kyssar mannen. Dei brune augo hans ser lenge på henne.  Hendene hennar tek igjennom håret hans. Han legg hovudet på skakke og smiler. Seier noko til ho, men eg høyrer ikkje kva han sei. Jenta smiler og ser brydd ned på dei utsletne Converse-skona sine. Med eitt hoppar ho opp og held armane rundt han. Han løfter henne opp. Dei ser kvarandre lidenskaplig inni augo og det er som dei er dei to einaste menneska i universet.  Plutselig oppdagar dei at bussen har kome. Han sukkar og sett henne ned. Dørene opnar seg og han går ombord i bussen. ?Takk for at du kom!? ropar ho, smiler og går. Mannen smilar for seg sjølv medan han betaler.  I handa har han ein liten blå koffert.  Setet ved sida av meg er ledig, og han sett seg ned der. Framleis med eit stort smil i ansiktet ser han på meg og seier? Det er ein fin dag i dag, ikkje sant?? ?Jo, ? seier og legg ned avisa. ?Det er sanneleg ein fin dag i dag.?

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

guro0o

guro0o

99, Agdenes

mitt tankefriminutt. Ein stad der eg kan skrive. Utan mål og meining. Utan bodskap og med bodskap. Berre skrive.(denne bloggen er 99,73% skriven for min eigen del. Forventar ikkje at du finn noko interessant ved den.)

Kategorier

Arkiv

hits