2010, so far so good
ååå, for eit spennande innlegg! Eg har offisielt vorte ein "Dette gjor eg i dag bla bla bla"-blogg. Eg lovar å krydre bloggen med litt meir interessante innlegg av og til. Desse innlegga her skriv eg mest for min eigen del. Slik at eg ikkje gløymer kva eg gjer på om dagane. Då har eg dei lagra på nettveven til evige tid. Og ikkje berre på den dødelege datamaskina mi.
Fredag 1. Januar:
Var eg på skitur i den vakre Skorgedalen ilag med Camilla og familien min. Vi gjekk veldig seint opp og berre snakka om guta og andre uviktige ting.
Laurdag 2.
Eg, Maria, Mia og Caroline var oppe med Camilla. Seinare for vi ned til Stine og passa onga. Der berre kosa vi og spelte jr. Alias.)Noko som i hvert fall var vanskeleg nok for Mia. hehe.)
Søndag 3.
Sat heile dagen å venta på at skitrekket skule opne, men neida. Ellers så rydda eg klesskapet mitt og førebudde meg på skulen..
Mandag 4.
Å stå opp til skule igjen var smertefult, men det var verdt det når eg fekk sjå igjen alle dei kjekke folka i klassa mi. Vi byrja å øve på Michael Jackson musikalen i kor. Gler meg! Seinare for eg fram på skitrekket og rann ilag med mange folk.
Tirsdag 5.
Var veldig trøtte. På skulen fekk vi høre meir om musikalen. Som skal handle om ei jente som vert forelska i ein vampyr. Litt oppbrukt historie, men då dramalæraren vår fortalde om musikalen vart eg overbevist.
For fram på skitrekket idag også. Var berre eg og Camilla så var der.
Onsdag 6.
Var veldig sur den dagen (for ingen spesiell grunn) så eg for ikkje på trekket, men vart berre heime å sura meg og sov.
Torsdag 7.
Ikkje noke spesielt som skjedde på skulen den dagen. Var på styremøte i AUF etter skulen. Seinare for eg opp på skitrekket, men der var det nesten ingen så eg rann to runde så for eg heim.
Fredag 8.
Eg var på audition til rolle i musikalen. Song Michael Jackson - you are not alone. Ein song eg lærte meg dagen på torsdag. Synst auditionen gjekk ganske bra. Var ein drama del også der eg skulle rope "Harald, kom deg ut!" og vere sur.
På kvelden var eg hos Maria Elin i klassa mi, og såg på Det store korslaget ilag med mange kjekke jente i klassa mi. Team Simone frå Volda er med og vi stemte masse på dei. Viktig det!
Laurdag 9.
Var på skitrekker ilag med Camilla, Mia, Maria og Caroline. Så for eg i familieselskap. Resten av kvelden berre slappa eg av.
Søndag 10.
Var på trekket og rydda rom.