Eg vil ikkje gløyme
Eg har bestemt meg for at i år skal eg dokumentere betre det eg gjer på. Kvifor? Fordi eg gløymer altfor fort, og eg likar ikkje å gløyme.. Eg vil ikkje sitte som syttito-åring på gamleheimen og ikkje hugse noko av det eg gjor då eg var ung. Eg er redd for at eg berre sit igjen med svartehol i hukommelsen, redd for at eg gløymer viktige detaljer, gode minne og ting som gjor meg glad.
Derfor skal eg dokumenter betre i år. Totusenogti skal verte eit fantastisk år fylt med fine opplevingar ilag med gode vener og mange morosame minne. Slutten av 2009 var tung. Død, sjukdom og sorg. Totusenogti skal, vil og bør bli betre. Det kjenner eg allereie, totusenogti er eit godt år!
www.flickr.com