Eitt blogginnlegg verdig

Det var så fint at eg måtte berre vise det til 'verda'. (Eg trur nemmleg alle på jorda les bloggen min. Det er berre lesarstatistikken til blogg.no som er litt overbelasta, difor viser det ikkje. Så det så!)
Å prøve igjen og aldri gi opp, er utruleg viktig for alt det vi gjer i livet.
Eg trur eg vil bruke denne bloggen mest til å leggje ut stilar og ymse. Norsk læraren vor presiserte hardt første skuledag at 'Her på vidargåande skriv vi ikkje skjønnlitterære stilar'. Uendeleg synd, og ganske urettvis.
Eg kjenne allereie at eg savnar å skrive. Har jo skrive litt innimillom, men ikkje noko skikkeleg som eg har vorte ferdig med.
Akkurat no har eg eit lesarinnlegg om kommunepoltikk hengande over meg. Som eg ikkje er så utruleg gira på å skrive. Mest på grunn av at eg har alt for mange tankar til å kunne samle dei i eitt lesarinnlegg. Difor tykkjer eg at det er vanskeleg å byrje. Det vil jo alltids ver den skjønnlitterære sjangeren som er nærast mitt hjarte da..
No skal eg hive meg i dusjen, og gjer meg klar å fare på ten sing ilag med nokre kjekke jente frå klassa mi. Så overnatte med ei Anna kjekke jente i klassa mi.
Ta det med ro Barack, eg skal nok blogga igjen ganske snart.