Long time no see

Eller på norsk; lang tid ikkje noko å sjå. haha, neida. Her inne stemmer jo det på en prikk. Faktisk på en heil øydelagd TV full av prikka. Så mykje stemmer det.
Bloggen er her berre for at eg skal ha noko å gjer på, sann ca. ein gong i veka. Søndagsaktivitet kan du vel sei. Søndagsaktivitet nr. 1 er fjellet, men i dag var eg ein slappfisk(teit uttrykk, fiskar er jo stramme som berre det!) så vart det nr.2 i staden for.
I dag er det ti dagar til skulen byrjar. Eg gler meg faktisk. Eg gler meg til å byrje på ein heilt ny skule, med fleire elevar og annleis miljø. På ungdomsskulen eg gjekk på var det førtito elevar, og ni i klassa mi. Så eg kjem til å få miljøsjokk når eg skal byrje i klasse med 27 stykke!
Eg synast at klassedelingstala burde vere mykje lågare enn det. Litt over ti elevar er perfekt. (men det kan vi ta ein annan gong. Eg har nemleg lovd venane mine å slutte å blande poltikk inn i alle sammenhengar).
Eg kom forresten inn på musikklinja. Instrumenta mine vert song og piano. Eg gler meg så utrulig mykje. Gler meg til å lære om musikk og alle nye fag generelt. Håpar verkeleg faga vert utfordrande nok. Tiande klasse var utrulig uinteressant. Eg gjor nesten ikkje lekse heile året, og eg finst ikkje slapp når det kjem til skulen. Det sei litt om kor lite stimulerande det var.
Etter at eg fekk vite at på musikklinja brukar ein nesten heile fyrste året på å lære notar, gruer eg meg ikkje lenger. For det kan eg i vertfall.
Dette trur eg er det lengste ikkje-politiske-blogginnlegget eg nokon gong har skrive. Mogleg eit av dei mest kjeisame også.
Eg kan jo alltids vege opp med litt fengjande musikk:
Someone still loves you Boris Yeltsin - Think I want to die.
(det er kanskje eit av dei teitaste, men også komiske bandnamna)
Superfamily - Let's go dancing
Flickr.com
youtube.com