Svada eller nada


Hadde eg orka. Hadde eg ytra alle meiningane mine, tankane mine og støvet som flyg rundt i hovudet mitt, om alt mellom Britney Spears til norsk skulepolitikk. Då hadde kanskje bloggen vor noko. Men neida, nada bloggen er og vert svada.

Når eg for ein gong skuld set meg framføre datamaskina og tenkje:" No skal det bloggast!".  Då er det som nokon kjem med ein støvsugar og bles ut all viten min, og det eg sit igjen med er innlegg som (for å sjå på tidlegare blogginnlegg) hm.. bilete av lestane mine. Særs spannande Guro.
Så då vert det ofte til at eg kryssar ut frå blogg.no og gir blaffen.

Tankane eg sit med no er:" kvifor bloggar eg då?". Grunnen til at eg bloggar er for å få uttykt litt av tankane mine som held på å sprenge hovudet mitt. Eg har ei meining om alt. Bloggen skulle liksom vere min plass å få ut desse meiningane. Men det ser ut til at usb-kabelen frå hjernen mi til dataen ikkje fungerar lenger. Eller kjenner eg meg sjølv rett, så har eg rota den vekk..  Kanskje på tide å rydde litt?



Dagens song:

2 kommentarer

LaxCat

18.jun.2009 kl.20:39

sv: strandvollyball er jo bare håpløst for kvinner. Er umulig å ta sporten seriøst når utdøverne er nesten nakne.

Trist, egentlig.

Hilde

19.jun.2009 kl.14:37

Nei, kom med meninger nå :D

Skriv en ny kommentar

guro0o

guro0o

100, Agdenes

Kategorier

Arkiv

hits