Palestinaskjerfmisbrukarar
Korleis i all verda vart Palestinaskjerfet, som skal vise at ein støttar Palestina og at ein ønskar at Palestinarane skal få sin eigen stat, vorte eit mainstream moteplagg? Eg ser det kvar dag. Ungdommar, vaksne og barn som går i plaestinaskjerf. I Rosa, blå og grøn. Alle regnbogensfargar.
Eg får lyst til å spøre dei kvifor dei går med palestinaskjerfet. Ein gong for lenge sidan spurde eg ein gut om kvifor han gjekk med palestinaskjerf. Eg påpeikte også at dette kanskje er litt feil tid å bruke det som moteplagg.
"Ja, men. Eg brukar det i hvertfall. Ein kan jo vise at en støttar Israel med det."
Hallo?. Støtte Israel ved å gå med palestinaskjerf? Det er det verste eg har høyrt.
Spørr du meg så vil eg sei at Palestinaskjerfet har mista litt av meininga si, fordi folk brukar det utan å vite kva det betyr. Viss ein går med det vil folk automatisk tru at ein berre er ein tolling som ikkje veit kva det betyr. Eller at du er skikkelig trendy..
Men viss du støttar Palestina, så skal du for all del bruke det. På den måten kan ein vise at det ikkje er eit moteplagg, og kanskje snu trenden.

Yassir Arafat, ein ekte Palestinaskjerf-brukar
Dei som enda ikkje har forstatt Midtøsten-konflikta kan lese innlegget eg skreiv for ei stund sidan Her
THERESE KRISTINE
13.apr.2009 kl.14:26
Madina
14.apr.2009 kl.00:50