Nynorsk VS. Bokmål
Idag har klassa vore på Ivar Aasen-tunet å høyrt eit føredrag om nynorsk og dialektar. Det er kanskje ikkje alle som veit kva Ivar Aasen-tunet er men det er altså eit museum som handlar om nynorsk og Ivar Aasen. Satsar på at alle veit kven Ivar Aasen er, håpar i hvertfall det. Eller så blir eg litt skeptisk. Her står det i sofall litt om han I hvertfall så lærte vi om dei forskjellige dialektene og korleis språket vort blir påvirka av engelsk. Det var front personen i «Sidebrok» som holdt foredrag, og ein til mann. Han fortalde om at han brann for nynork, og at han alltid vart spurd om kvifor han rapar på nynorsk. «Ej rappakje på nynorsk, EJ RAPPA PÅ DIALEKT.» Så sant så sant. Mange trur at språket vi på sunnmøre snakkar er nynorsk.Men det er heilt feil, fordi vi snakkar dialekt å skriv nynorsk. Sidan nynorsk er eit målføre blir det heilt feil å sei at: «sunnmøringer snakker nynorsk»

Det er så utruleg mange meiningar om nynorsk. Brukar av og til å gå inn på grupper mot nynorsk på nettby. Tildømes: Nynorsk..!! HVA I HÆLVETE SKA VI MED NYNORSK!!???? og kikar på diskusjonane. Veldig mange sei ting som: «" Hva i svartest er vitsen med å lære ny-norsk da? HALLO LISM, det er jo ingen som bruker det så vidt. DEt er jo bare på sunnmøre og slikt, der folk snakker det. Hallo, hvorfor skal vi lære oss det lism?" EG SPRYR. Eg tullar ikkje, kvar gong eg les slikt, dør noko inn i meg. For alle dei som er litt forvira der ute: - NYNORSK, i eit ord, er eit skriftsspråk. Altså eit språk du skriv, ikkje snakkar. - Nynorsk er vakkert. Kva som er best av nynorsk og bokmål er ein smaksak. Men nynorsk er vakker. Ingen tvil i det. - Nynorsk brukarar må også lære bokmål som sidemål. Så ingen grunn til å syns synd på seg sjølv. Det er så mykje eg kunne ha sagt, men eg trur vi sei at dette er nok for idag. Meir kjem i seinare innlegg. No er eg veldig interessert i å vite kva du synst om saka!

NOTABENE : Nynorsk er her for å bli. Uansett kor mykje folk klaga og syte. Nynorsk fær ingen plass..
Orginalt posta på http://www.guro0o.blogspot.com/ 18. oktober
Ida Oline
26.okt.2008 kl.21:40
Frida
14.nov.2008 kl.23:52