Vi kan alle gjer ein forskjell
Nå i disse tider er det mykje fokus på miljø. Aviser skriv om det, politikarane snakkar om det og folk er redde, men de fleste er handlingslamma. Klimakrisa vil kome uansett kva vi gjer, det einaste vi kan gjere er å forskyve den lengre fram i tid. Viss alle på jorda skulle gjort det same som oss i Norge, og slept ut like mykje klimagassar og forurensing hadde vi tronge tre jordklodar! Derfor er det viktig at alle prøvar å forbetre seg. Nedanfor har eg skreve opp nokre enkle ting som vi alle kan prøve å gjer for å redde miljøet
Redusere innetempraturen til 20 celcius.
Slå av datamaskina slik den ikkje står på heile døgnet.
Ikkje vaske klede på halvfull maskin.
Tett at for trekken rundt dører og vindaug.
Lat att dører mellom kalde og varme rom.
Monter termostat til å styre temperaturen i huset.
Skru ned tempraturen om natta.
Dusje i staden for å bade.
- Skru av lyset når du går ut av eit rom.
Skifte til sparedusj.
Slå av lyset om natta.
Skifte til sparepære.
Ikkje ta imot plastnett når du er på matbutikken, men ta med eit handlenett som kan brukast opp igjen og opp igjen.
Ta ut laddara frå stikkontakta når mobilen/ipoden er ferdig ladda. Sjølv om den ikkje er i bruk, brukar den straum.
Ta med ei stor veske når du er på shopping. Å ta heller kleda du kjøper opp i veska i staden for å ta i mot handlenett.
Ta heller sykkelen istadan for å kjøre bil på korte avstandar.
Benytt deg av kollektiv transport.
Eg skal ikkje kome her å sei at eg gjer alt det som står på lista, men eg prøvar. Og det er det viktigaste. Når du tenker på kor stor påvirkning små ting du gjer i kvardagen, har på miljøet, så tapar du ikkje noko på å til dømes dusje litt raskare.
Har du nokre andre tips for å passe på miljøet?
Orginalt posta på http://www.guro0o.blogspot.com/ 16. oktober